Velkomen til Zignatursting
Her kan du bestille bunader av norsk kvalitetshandverk, utført av faglært bunadtilvirkar A. E. Hammeren, som har høg kompetanse og lang arbeidserfaring. Bunaden din seier noko om kor du kjem frå, kanskje òg litt om kven du er. Frå 1500-/1600-talet og framover til rundt 1850 var folkedraktene i Noreg i utvikling og daglig bruk. Dei fekk sitt lokale særpreg, men vart òg påverka av moteplagg frå ulike stilepoker. Det er som oftest festplagga som har vorte tekne vare på og danna grunnlaget for rekonstruksjon og inspirasjonskjelder.
Å få ta del i denne kunnskapen og få utforme desse vakre plagga med hendene, er ei stor glede! Ein bunad er ikkje berre sett sammen av stoffbitar. Den representerar kanskje fleire hundre års utvikling av identitet og kvalitet.
Bunader frå Zignatursting
Omsaum
Det er viktig for trivselen din at bunaden sit godt på kroppen din. Om du endrar deg bør du vurdere å få justert bunaden. Er du så heldig at du har arva ein bunad? Eg tek gjerne tilpassinga.
Kvinnebunad
Zignatursting monterer rekonstruerte folkedrakter frå Ryfylke og Sunnfjord til kvinner. Eg monterer óg dei fleste damebunader frå 1900-talet, alle etter norsk drakttradisjon.
Mannsbunad
Zignatursting monterer rekonstruerte folkedrakter frå Rogaland og Sunnfjord til menn. Eg monterer óg nokre herrebunader frå 1900-talet, alle etter norsk drakttradisjon.
Om Zignatursting
Som kunde hos Zignatursting får du eit stasplagg som:
- er laga av ein bunadtilvirkar med omfattande utdanning og erfaring.
- er personlig tilpassa og flott montert.
- kanskje viser kor slekta di kjem frå?
- er brodert og montert slik den var meint å vere opphavleg.
- ikkje går av mote og kan vare i generasjonar.
- er montert for å kunne syast om, dersom det skulle vere naudsynt.

Herrebunad

Kontakt Zignatursting
Her kan du kontakte bunadtilvirkar Astrid E. Hammeren for bestilling av bunad.