Kvinnebunad
Zignatursting monterer rekonstruerte folkedrakter frå Ryfylke og Sunnfjord til kvinner. Eg monterer óg dei fleste damebunader frå 1900-talet, alle etter norsk drakttradisjon. Eg kan skaffe det meste av tilbehør, så som sylv, skjerf, understakk og strømpebukser. Eg har óg såpespon til vask av linskjorter.
Sunnfjordbunad, rekonstruert
Rekonstruert kvinnebunad for Sunnfjord
Det er Bunadsnemnda i Sunnfjord Ungdomslag som gjennom frivilleg innsats i mange tiår har rekonstruert draktskikken i Sunnfjord. Hovuddelen har vore gjort frå 1982-1987, men det starta alt tidleg på 1900-t. Då begynte Olina Fossheim å samle inn draktdeler og historier knytta til draktskikken i Jølster. Dette arbeidet heldt kontinuerleg på framover. Bunaden fekk uttale frå Bunad-og Folkedraktrådet i 1987, men arbeidet med drakskikken held fram. Dei mest sentrale personane i rekonstruksjonsarbeidet er Aud Sunde, Ann Lundekvam og Bodil Myklebust.
Då Bunadsnemnda gjekk vitskapleg til verk med å samle inn draktdeler frå Sunnfjord, var det i Jølster flest bevarte plagg, slik klarte dei å rekonstruere ein heil draktskikk med svært mange variantar. Men truleg har liknande plagg vore vanleg i heile Sunnfjord prestegjeld. Det er for eksempel funne mange tobladshuer frå andre delar av Sunnfjord og dei varierer litt.
I draktskikken finn vi stiltrekk heilt tilbake til renessansen. Men draktmaterialet stammar frå seint 1700-t og fram til tidleg 1800-t. Når ei folkedrakt går ut av bruk er det gjerne hua til kvinner som blir brukt lengst. Så óg i Sunnfjord. Den siste som brukte høgehua til dagleg levde fram til 1940/50-t. Vi kan gjerne sei at hua er den viktigaste draktdelen.
Når du skal bestille ein rekonstruert Sunnfjordbunad har du mange moglege val, både liv, stakk, forkle, forkleband har mange variantar. I tillegg kan du velgje mellom to ulike lommar og trøyer, viss du då ikkje heller vil ha ermeopplut i staden for liv og evt trøye. Til ermeoppluten kan du ha trykt bomullsforkle og borebelte. Det er mykje broderi på enkelte draktdeler, for det meste korssting. Kanskje ynskjer du å brodere maljeklut og forkleband sjølv? Du kan óg lage sokkeband og spøte sokkar og vottar til. Til understakk kan du bruke ein du har, eller eg syr ein som høver. Det er ikkje rekonstruert understakk til bunaden, men det er lurt å ha.
Opplæringa i denne bunaden har eg fått hos Ann Lundekvam. Eg syr alle bunadane for hand, slik det gjort i det gamle draktmaterialet.
Grøn Sunnfjordbunad
Den grøne Sunnfjordbunaden har vore i produksjon sidan 1926. Den er inspirert av gamle draktdelar. Eg syr den både med og utan raude kantar på livet. I byrjinga brukte dei forkle til, men det vanlege i dag er kun det lange grindvevde beltet. Det finst ikkje hovudplagg til denne, men ytterplagget er det same som til den rekonstruerte bunaden, to ulike raude trøyer.
Romeriksbunad
Romerike L40
Romerike L40 kom i produksjon i 1940, broderiet stammar frå ei lauslomme frå Skedsmo. Den finst i mange ulike fargar, både med og utan brodert forkle i ull, eller du kan ha brodert kvitt eller trykt linforkle. Du kan ha med eller utan ryggrose på livet. Til ytterplagg brukast kort trøye, lang eller kort kep.
Ryfylke, rekonstruert
Den rekonstruerte kvinnebunaden frå Ryfylke
Det er rekonstruert fire flotte stripestakkar og tre damaskstakkar frå Ryfylke. Du kan velgje mellom mange ulike forkle. Livet skal fungere under trøya som støtte for denne. Under stakken bør ein ha ein understakk. Slike har dei ikkje funne i draktmaterialet, men eg syr understakk som fungerer saman med drakta. På hovudet skal det vere hue og her er det fleire å velgje mellom. Ugifte kan velgje mellom mange fargerike silkestoff, medan gifte kledde seg i flotte svarte huer. Alle kan brukast med pannelin i tillstrekning. Det er rekonstruert sokkar til bunaden.
Opplæringa i drakta har eg fått hos Ragnhild Ulland Ødegaard, Eli Olsen og Daghild Haavardsholm. Eg monterer alt for hand, slik det er gjort i det gamle draktmaterialet.
Rogalandsbunad, brodert
Rogalandsbunad til kvinne har vore i produksjon sidan tidleg på 1900-t og byggjer på gamal draktskikk og broderimønster utan å vere kopiar. Det er svært mange variantar både av stoff, fargar, mønster og broderi. På hovudet brukast hue og til ytterplagg utanom sjalet, brukast kep.
Kontakt Zignatursting
Her kan du kontakte bunadtilvirkar Astrid E. Hammeren for bestilling av bunad.
Zignatursting
Daglig leiar og bunadtilvirkar
Astrid Engebø Hammeren
Kontaktinformasjon
Besøksadresse
Vestbyveien 37
1920 Sørumsand