Zignatursting
Eg heiter Astrid Engebø Hammeren og er utdanna bunadtilvirkar med fagbrev, og medlem av Norsk Folkedraktforum. Eg er fødd og oppvaksen i Sunnfjord men bur på Romerike. Eg har utdanna meg innan design av tre og tekstil og er faglærar i Kunst & Handverk.
Sidan 1999 har eg arbeidd med omsaum og montering av bunader og rekonstruerte folkedrakter. Opplæringa har eg fått hos svært erfarne folk innan bunad og folkedraktsaum fleire stader i Noreg. Eg har òg tatt deltidsstudia Drakt og Samfunn på Fagernes og «Draktsyningsteknikker i Danske Folkedragter». Zignatursting har eg drive sidan 2006 og i 2009 tok eg svenneprøva i Bunadtilvirkarfaget.
Om Zignatursting
Som kunde hos Zignatursting får du eit stasplagg som:
- Er laga av ein bunadtilvirkar med omfattande utdanning og erfaring.
- er personlig tilpassa og flott montert.
- kanskje viser kor slekta di kjem frå?
- er brodert og montert slik den var meint å vere opphavleg.
- ikkje går av mote og kan vare i generasjonar.
- Er montert for å kunne syast om, dersom det skulle vere naudsynt.
Presse
Henvisning til boka Bunadsliv der svært mange av bilda er av bunader eg har sydd,
boka omtalar óg firmaet mitt.
Her kan du kjøpe boka Bunadsliv
Kjelder:
Norsk Bunadsleksikon
Norsk folkedraktforum
Bunad og folkedrakt
Bunad Magasinet
Sunnfjordbunaden
Rogaland ungdomslag
Kontakt Zignatursting
Her kan du kontakte bunadtilvirkar Astrid E. Hammeren for bestilling av bunad.
Kva fortel kundar om Zignatursting
Takk til
Fotografer:
Hûner Aziz
Hans-Petter Skurdal
Knut Hammeren
Helene Viktoria Hammeren
Astrid Engebø Hammeren
Logodesign:
Hûner Aziz
Webdesign:
SHR Design – Silje H. Rangset