Det er viktig for trivselen din at bunaden sit godt på kroppen din. Om du endrar deg bør du vurdere å få justert bunaden. Er du så heldig at du har arva ein bunad? Eg tek gjerne tilpassinga eller reparasjonen.
Tips om du skal kjøpe brukt: Pass på at bunaden er laga i Noreg. Mange bunader frå utlandet er ikkje laga for omsaum og eg tilpassar/ reparerer ikkje desse.
Kontakt Zignatursting
Her kan du kontakte bunadtilvirkar Astrid E. Hammeren for bestilling av bunad.